Eye camp

Kjære slekt og venner!

I går ettermiddag kom eg tilbake frå Eye campen og turen ut til verkeleg ”grisgrendte strøk” takknemleg og glad for det eg hadde fått vore med på i løpet av 9 dagar. Vil her prøva nokså kortfatta å gje dykk del i nokre inntrykk og erfaringar frå turen.

Nepalesarane er ikkje flinke til å planleggja. Det viste seg då me kom på flyplassen og utstyret skulle vegast. Altfor mykje – ekstra betaling og 2 av dei som skulle vera med, måtte bli heime. Twin Otteren skulle gå 8.30, men avg først kl 13. På flyplassen i Lamidanda venta bærarane, men altfor få i forhold til last og utstyr – nytt problem! Men etter eit par timar med venting og mat, starta vandringen mot landsbyen Aieselukharka – ialt 27 personar – av dei ein kvit nordmann og 11 bærarar med 40 – 50 kilo last til kvar.

Terrenget i Nepal er veldig kuppert, så det er mye bratt opp og bratt ned. Me hadde ikkje gått lenge før eg verkeleg var glad for at ikkje Karin blei med – også etter kvart i forhold til innkvartering og mat. Etter primitiv overnatting på ein gard, kom me neste dag fram til målet etter 12 – 13 timars vandring. Etter kvart som me nærma oss fekk eg mye oppmerksomhet frå folk som hadde høyrt om Eye campen og venta på dokteren. Dei trudde sjølvsagt at eg som utlending, var dokteren. Slik var det heile tida!

Sist søndag føremiddag skulle campen offisielt åpnast med pomp og prakt. Då viste det seg at heilt uventa blei eg gjort til det store midtpunkt av di eg var utlending og me var dei som hadde gitt det største økonomiske bidraget til campen. Eg var den som både skulle avduka banneret og halda tale til alt folket som hadde møtt fram.

Den voldsomme oppmerksomheten heldt seg heile tida – det var så kjekt så kjekt at eg var med og besøkte dei!

Campen hadde 3 tilbud: Auge og syn, kvinner med underlivsplager og generell helsesjekk. Og det mangla ikkje på pasientar – kvinner og menn, unge og gamle – dei fleste uflidde og skitne. Mange hadde gått både 2 og 3 dagar og hadde aldri vore til eller sett ein dokter før. Dei kom med sine plager, forventningar og håp. Mange opplevde nok å få hjelp – kanskje mest dei som blei opererte for grå stær eller ho på 70 som hadde gått med livmorsplager halve livet. Me kan heller ikkje sjå vekk frå at noen gjekk skuffa heim – ikkje ein tablett ein gong! I løpet av dei 4 dagane besøkte ca 1.700 personar campen og 45 blei opererte.

Måndag og tysdag var eg med Dhan (leiaren for Folk Nepal) heim til bygda/dalen hans. Han hadde ikkje vore heime på 7 år og var den store sonen som kom heim på besøk.

 

Det var veldig spesielt og interessant. Me besøkte heimar og skular og fekk høyra om problem, håp og forventningar.

Me var òg heime hjå ein fattig familie med ein nesten blind son på 15 år. Han vil få tilbud om behandling i Kathmandu, og eg ser for meg at me vil ta ansvaret for å betala det det kostar.

Torsdag var me tilbake i Lamindanda og flyplassen. Då hadde eg totalt gått i ca 30 timar, sove på 4 forskjellige plasser og av alle ting halde 7 talar. Eg fekk både gåver og utmerkelsar og hadde det heilt topp saman med dei eg var i lag med. Føter og helsa – ingen problem. Det einaste var dei låge dørene, så eg kom heim til Karin med eit par skikkelege sår i skolten, men det er ho jo van med. Av og til tenkte eg då eg hadde lagt meg: Tenk om eg skulle få problem med blindtarm eller hjarta her ute utan dokter eller sjukehus. Då måtte eg trøsta meg med at Jesus har sendt meg og han vil også ta vare på meg!

Nå er det tid for oppsummering: Eit er klart – det er skapt forventningar i området om hjelp og bistand som me gjerne vil vera med å yta bidrag til. Kontoen (3205 11 07291) er derfor også åpen for påplussingar vidare. Igjen tusen takk til dei av dokke som allerede har gitt og dermed gjort det muleg for oss å vera med!

Det eg her har vore med på, vil nok bli hovedtema på dei arrangement som me er inviterte til å vera med på når me kjem heim om ikkje så lenge. Dei som vil vita meir, håper me vil koma og vera med oss då.

Karin helsar så mykje! Ho er glad for å ha meg trygt heime igjen. For meg var det også herleg å få snakka norsk igjen!

Beste helsing til alle frå oss begge