Kathmandu, 13. desember 2007

Kjære slekt og venner

For oss er det vanskeleg å forstå at kalenderen viser langt ut i desember. Her har me ikkje julestress, dag og natt er stort sett like lange året rundt, temperatur på over 20 grader på solrike dagar, men likevel Kathmandu-vinteren er her med ein del skodde og kjøl. Dei som bur her har forberedt oss på eit par månader med utriveleg temperatur og mykje gråver. Men me blir van med det òg, så når me kler oss godt så går det greit dag for dag. Men Karin klagar når ho må dusja i kaldt vatn, men eg prøver å trøysta med at då kjenner me oss ekstra varme etterpå. Eg tek det ikkje så nøye, så når eg ikkje ser så godt lenger, høyrsla er det helst dårleg med, så då kan det ikkje vera så farleg om eg ikkje alltid luktar så godt heller. Nepalesarane smiler og ler når me seier at Nepal er eit merkeleg land for: ”In Norway cold outside and warm inside – In Nepal warm outside and cold inside”. Snart kjem våren med varme både inne og ute igjen. Heime er det det visst så som så med helsa. Folk er både forkjølte og sjuke. Me er heilt friske – ikkje litt snue ein gong. Nokre timar med magesjau av og til, Karin litt plager med ryggen, det er det heile. Det blir nå litt løye og vemodig å feira jul utan familien,men det vil gå fint. Julafta er me invitert til ein misjonærfamilie frå Vaksdal med 3 ungar. Så då blir det både pinnekjøt, moltekrem og pakkar i tillegg til gudsteneste. Litla julafta er me norske invitert til den norske ambassadøren til felles spleise brunsj. Og 1. dag skal me feira jul saman med menigheta på den skulen der eg er til vanleg. Så me blir slett ikkje sitjande å stura åleine. Det er jo godt for dei som tenkjer på oss heime, at me òg blir tatt vare på i julehelga. Ja, me snakkar om julestresset som de nå er midt oppe i. Det er nå litt godt å sleppa for ein gongs skuld.

Dagleg har me oppgåver å gå til – eg på skulen + Folk Nepal + ein del skrivearbeid, Karin i butikken + 2 dagar i veka på eit barnehjem for handikappa. Det som me likevel ser som det viktigaste, det er å bidra med pengar for å lindra naud og hjelpa til på ulikt vis. Frå den gruppa me var saman med i Thailand, hadde me med oss 6 – 7.000 kroner til skulen min. For det har me fått nye teppe i fire klasserom og eit lærarrom, beleggingsstein på leikeområdet, utstyr til reservestraum til Pcane + ei lita julegåve til 231 elevar. Me får mykje for våre pengar her og ingen ting forsvinn undervegs.

Før me reiser heim, vil me vera med å realisera to konkrete prosjekt som me her og nå utfordrar dokke til å vera med å bidra til:.

·        Tenk deg ein skule med 231 elevar og 17 lærarar og ikkje kopimaskin i 2007. Dei har berre ein skarve utsliten printer. Ein ny passande kopimaskin kostar ca 6.000 kroner.

·         Første veka i mars skal eg vera med eit team i regi av Folk Nepal ut i bushen med ein såkalla Eye camp. Først ein kort flytur med Twin Otter og så 1 ½ dag å gå før me er framme der campen skal etablerast og gjennomførast. Me skal overnatta i telt og ha eigen kokk som vil sørga for mat til oss. Før me kjem dit, er det annonsert i radio, avis og flygeblad at dei som har problem med auger og syn kan koma og få gratis hjelp av lege – ja, endåtil operasjon for grå stær. I tillegg til 2 øyenlegar og 5 sjukepleiarar må me gjera bruk av bærarar, kjøkken-personell og anna hjelp så totalt vil 30 – 40 personar vera involverte. Sjølv om dei aller fleste gjer dette gratis, så har me eit budsjett på ca 35.000 kroner som me må skaffa frå inn- og utland. Her i Nepal er det mykje pengar, men heime er det ikkje meir enn det 3 -  4 familiar brukar i mat og presangar nå til jul. Meir om Eye campen kan de lesa i vedlegget.

Nå lagar me saman ein kampanje på dette fram til 15. januar og ber om bidrag – stort eller lite – til desse gode formåla.  Set dykkar bidrag inn på konto 3205.11.07291 og kvar krone skal bli nytta til gode nødvendige tiltak. Skulle me få meir enn det som skal vera vårt bidrag til Eye campen, vil det bli brukt til støtte til utdanning for barn og ungdom frå fattige heimar. På forhånd takk og de skal få orientering undervegs koss det går.

Ja,me trivst veldig godt og er så takknemlige for det me får oppleva og vera på. Me både legg oss og står opp til ny dag med godt mot og lyst til å ta fatt. Her har verkeleg livet vårt perspektiv og meining. Det er vanskeleg å forklara, men for å sei det enkelt: Me er blitt utruleg glad i dette folket og vil så gjerne vera til bitte litt hjelp og støtte. Og det som er ekstra gildt: Slik er det for oss begge!

Politisk har det stort sett vore ganske roleg den tida me har vore her. Maoistane rører på seg av og til ved å laga demonstrasjonar og stansa trafikken her og der, men dei siste vekene har me merka lite til dei. Valet som skulle vera i november blei jo utsett. Denne helga har enkelte parti lova at det vil bli annonsert ny dato, men det spørs? Her er mange parti og uenighet om det meste og få som vil ta beslutningar. Men folket er oppgidde – dei ventar på fred, framgang og utvikling. Og det fortjener dei verkeleg.

Dei offentlege systema er utruleg avlegs. Det får ein litt innblikk i når ein har ærend på offentlege kontor. Denne veka var me posten for å henta pakkar frå Norge. Då er det å gå frå rom til rom, skjema som må fyllast ut, betala litt her og meir der og så skal alt skrivast med hånd i store protokollar.  Her blir det lenge, lenge til dei går inn i dataalderen. Over alt florerer korrupsjonen. Og at dei ikkje kan få gjort noko med alt søppelet i gatene. Dei sopar fortauet, men ut i gata i store dungar med alt søppel frå sjapper, butikkar og folk som fartar i byen. Så kjem dei fattigaste på jakt etter sitt, så hundane, så kyrne, så dei som vil ha papir og plast, så tenner dei fyr, så kjem renovatørar med trehjulssykkel med kasse på og til slutt søppelbilen der dei med skuffel hiv resten opp på lasteplanet. Nå for tida er det stadige søppelstreikar, så i mange gater ser det ikkje ut i dagevis.

Nå blir dette julebrevet alt for langt, men eg har så mykje på hjarta. I prosent av befolkningen er her ikkje mange kristne i landet, men likevel er det f eks her i byen ganske mange menigheter som har sine gudstenester kvar lørdag (som er søndag her) og talet på kristne aukar jamt og trutt. Det er verkeleg ein opplevelse og kjennest så åndeleg godt å vera med på gudstenesten deira, sjøl om me ikkje forstår noko av den time lange talen. Flott sang og glede og lovprising med heile seg – verkeleg karismatisk. Dei kristne lever i mykje nærare og  tettare kontakt med Gud enn det me gjer til vanleg. Dei går verkeleg til Gud med alt til alle tider. Her er det ikkje ”Eg ska tenkja på deg”, men ”Eg vil be for deg!” Det er som dei seier ein følge av at dei har så lite og må gå til/stola på at Gud vil hjelpa.

Nå har me vore her halve tida. Resten av tida vil me få endå meir å vera opptekne med og sjå fram til, så den vil sikkert gå veldig fort. I februar kjem heile familien på besøk og påske ventar me mange kjende i lag med Sveinung. Meld dokke på Nepal-tur og kom og sjå og opplev ”annerledeslandet”. Info om turen finn du på: http://www.si-reiser.no/PDF_KF_vinter_vaar/Side29.pdf.  Sjølv om me trivest og har det godt her, så vil det bli fantastisk kjekt å koma heim igjen ein dag i april!

Då gjenstår det berre å seia takk til dei som hugsar på oss i bønn og ynskja dykk alle alt godt og Guds signing for julehelga og det nye året. Det vil me gjera med det same juleverset som me brukte til dei som fekk julehelsing via posten:

 

Akk, kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn

Og full av lengsel sukke, kom Jesus dog her inn.

Det er ei fremmed bolig, du har jo selv den kjøpt

Så skal jeg blive trolig, her i mitt hjerte svøpt.

 

Beste helsing frå Karin og Svein