Sissel Marie S. FjeldeHei igjen!

Nok ein spennande dag, damene ville på piknik og det var vi. Gjekk slik at vi kom oss vekk frå trafikk og kaos til ein stille og grei plass.

 

Vi måtte betale for å koma inn i den parken, 10 rupies (som er rundt 80 øre) og 50 rupies for meg som utlending. Eg hadde sagt eg skulle halde drikke og dei skulle ha med seg litt mat kvar. Dei kom med maten brakt i alt frå beholdere til plastposer, man tager hva man haver.

Var veldig spent på om natta og i dagen etter om eg hadde fått rennerau, men nei, her er alt bra, så nå trur eg eg tåler det meste. Kan ikkje seia at maten dei hadde med frista, men åt for skam skuld. Ein veit jo aldri kva forhold den maten er laga under, så eg sa i Jesu namn. Mens eg sat der og det taut med nepali rundt øyrene mine, tenkte eg at jammen er eg heldig som får oppleva dette, det er ikkje ein kvar forunt det.

Fekk og vera med innom til ei av damene der ho bur med svigermor og svoger-svigerinne (mannen jobbar i Dubai og er borte 3 år i gongen). Ja, så er det veldig kjekt og bli tatt bilde av, dersom eg hadde villet kunne eg nok vore heildagsfotograf under piknik turen vår.
I går var eg først på nepaligudsteneste, men talen var på engelsk (ein pastor frå Johannesburg), flott å få vera med på lovang der heile menigheten syng for full hals og gamlemor kanskje tar seg ein dans. Det er orkester med, og han som spela trommer, blei hanka opp av pastoren for nokre år siden. Det var vinter og kaldt og denne guten var gategut som låg på fortauet med nokre hundar for å halde varmen (slike guter ser eg mest kvar dag). Pastoren tok han med seg og gav han mat, dusj og reine klede. Denne guten begynte og gå i menigheten og er fast medlem i dag. Flott. I den menigheten er det mange slike gatebarn og dei får utdelt oppgaver, kjempesterkt å sjå. Det er forresten den menigheten Jarle og Sunu skal gifte seg i. Etter gudstenesten tok eg meg ein tur til Hungry Man (restauranten vår) og hadde meg pizza. Til å begynne med tok eg alltid taxi då eg skulle til sentrum, men nå er eg visst blitt litt nepaleser og fer avgårde med microbuss til 80 øre. Er lei av at taxisjåfører lurer meg med taxameteret, eg veit omtrent kor mykje eg skal betala frå plass til plass og kor mykje meteret skal stige med jamne mellomrom. Men eg er utlending og åleine dame så dei triksar og skrur litt på meteret slik at det går mykje fortare. Nå er det ikkje allverdens mykje å betale uansett, men eg likar ikkje å bli lurt. Frå sentrum og til her eg bur tar det vel 15 min med bil og det skal koste 120-130 rupies (rundt 10 kr), men då det dreg seg opp mot 200 og kanskje over det, då er det ikkje som det skal. Men for all del dette er ikkje alle, som regel treff ein på dei ærlige.
Har ikkje prøvd meg så mykje på moped ennå, men har vore litt borti det. Men her kan ein godt seia at traffikken er heavy. Venstrekøyring og tut og kjør, kan ein koma 20 cm. lengre fram, ja, så gjer ein det. Ser ikkje ut som det er trafikkregler, den som har størst kjøretøy, har forkjørsrett. På bussene er det alltid bussguter, dei står og heng ut døra for å hanke inn folk, ja, og for å gi signal til sjåføren om det er klart og kva tid han skal stoppe o.l. Er det ikkje plass inni bussen er det alltids plass på taket, enten det er til folk eller fe eller baggasje. Eg tenkjer mest kvar dag då eg går til jobb " at dette går godt". Eg må krysse ein ringveg, men har lært meg å berre gå på. Det er ingen som stoppar for fotgjengere, men byrjar ein og gå, så stoppar dei om det så berre er ti cm. frå deg.

 

Dette var ei ny helsing med korleis det er å vera på piknik og litt frå dagliglivet mitt her i kathmandu.

Bildene er frå pick nick turen vår.

Ha det bra og hels.

Klem frå Sissel Marie

 

Hei igjen!

Ny helsing frå meg i Kathmandu. Ja, nå har eg har hatt mannen på besøk og sendt han heim igjen, kjekt med besøk. Var ein her som spurte om han var "Wife sick" om det var derfor han kom. Mens eg har vore på jobb, har han frest litt rundt på moped og gjort forskjellige ting. Eg forkorta dagane på jobb mens han var her. Frå fredag ettermiddag til laurdag kveld, var vi med ein venn som driv reiseselskap her, heim til landsbyen hans. Rundt 3-4 timer frå Kathmandu. Eg les i bibelen at Gud skapte Adam og Eva først ,men ein kan lure om Gud hadde ein neve med folk i stedet, som han berre slapp heilt uvilkårleg. Ufatelig alle plasser folk kan busetja seg. Det var oppi fjella uten strøm, vatn måtte dei henta i ei vann kjelde, oppvaskemiddelet er sot. Eg kom på sangen " uren, luren himmelturen". då vi for oppi gjennom. Vi kjøyrte med bil, men den siste timen var på noko som vi iallefall ikkje hadde kunne kjøyrt med vår bil. Vi budde heime hjå foreldra til Bharat,og hadde det heilt topp. Denne gongen fekk vi eige rom oppå fjoset, men delte ikkje inngong med dyra denne gongen. Då vi skulle leggja oss, var det den største edderkoppen eg nokon gong har sett på døra inn der vi skulle liggje. Trur den var på størrelse med handa mi. Eg drep den og så gjekk vi og la oss, men det var full anledning for eit kvart krypdyr å koma inn, men sov gjorde vi. Neste dag gjekk vi rundt i landsbyen, mange fattige folk som har berre frå hand til munn og knapt nok det, men og dei som dyrka sin ris og sine grønsaker i brun jord. Så var vi i dei minste klasseromma eg nokon gang har vore i, dersom ein kan kalla det klasserom. Under eit halvtak, med stråmatter på golvet og ei tavle framme. Det var så lavt under taket at læraren kunne ikkje stå oppreist. Og så er det mange skjebner. Møtte ein gut på 6 år , faren var dø og mora hadde gifta seg med ein frå "ennå " lågare kaste enn den forrige. Ingen i landsbyen likte dei og nå var dei flytta. Guten var ikkje blitt behandla godt og budde nå hjå bestemora som heller ikkje klarte å ta seg av han skikkelig. Bharat støtter unger og skole i landsbyen sin, og prøvde og å få til eit møte med onkelen til guten for å prøve om han kunne få bu der. Men onkelen er lut fattig og har 4 barn sjølv. Det kostar rundt 1500 - 2000 i året å la denne guten få gå på skole og at han får mat. Dette ville vi gå inn med midler for å støtte, men det er ikkje berre berre å ta seg av eit nytt fam. medl. som allerede bær preg av at han ikkje er blitt behandla så godt. Ein flott liten gut som ikkje er født med visa kort i handa slik som vi. Får håpe det blir ei løysing og at vi får hjelpt han.
Faren til Bharat eg hindu prest og har 2 koner, det var litt spesielt å møte dei. Konene budde i kvar sitt hus og hadde kvar si jord dei jobba på, men var naboer.
Ellers så går det greit på jobb. Jobbar med lappeteknikk og prøver og læra dei å vera nøyaktig. Dei synes kanskje eg er pirkete, men dei forstår då dei ser resultat og det er beint. I forrige veke byrja det nokre nye. Ho eine er 22 år gammal og har ei lita jente på 4 mnd. Snakkar ikkje engelsk, men vi prøver med det lille vi kan + fingerspråk, så går det som regel. Ho fortalde at mannen hennar jobbar i Dubai og skal vera vekke 3 år, eg tenkte stakkars jente.
I dag var det berre 2-3 stk, for her er morsdag i dag og då er det veldig viktig og besøkja mødrene sine, Sun-Maya har og hatt fri i dag for å reise heim til si mor.
Ja, og så har jo Jarle fått jobb på ambassaden og hadde sin første dag der i dag, KJEMPE. Det er ein 80% stilling IKT og arkiv. Han skal 2-3 dager på kurs til Oslo nå i mai. Har og kjøpt seg eit fint hus her som dei får overta om 1 mnd. ca.
Nå kom akkurat Sunu her med eit fint sjal til meg til " mothers day", koselig.
.
Hels kjende

Klem frå Sissel Marie